torsdag 20. september 2012

Snart klart for Stoltzen

Laurdag 29. september mellom kl. 11:04 og 11:20 skal nærmare 100 ABB´arar frå Bergen, Stavanger, Hammerfest, Drammen og Oslo i aksjon i Stoltzekleiven Opp - populært kalla Stoltzen og karakterisert som ´verdas brattaste´ og Bergens mest spesielle løp. Stoltzen har ein høgdeforskjell på 313,5m fordelt på ein distanse på ca. 910m. Heile traseen er steinlagt og omfattar omlag 800 trappetrinn inklusive tretrappene. Starten skjer i Fjellveien og mål er ved toppen av Sandvikspilen.  Arrangementet såg dagens lys i regi av idrettslaget Varegg i 1979 med ca. 50 deltakarar. Dei siste åra har det utvikla seg til ei gigantisk massemønstring over 2 dagar med meir enn 5000 startande. Som følgje av den smale løypetraseen går det kun an med enkeltstart kvart 10 sekund. Når påmeldinga åpnar på internett i mai er det snakk om berre minuttar før alle plassane er rivne bort.

Bilete: Glade ABB'arar frå treninga i går!

Vi gjekk ambisiøst ut i april og proklamerte 100 ABB´arar i Stoltzen. Den målsetjinga klarte vi i juli, men då vi 3 uker før den store dagen tok ein sjekkerunde på e-post fekk vi 22 forfall. Forklaringane var mange; dårleg treningsgrunnlag, offshoretur, på feire, jobbreise til utlandet, osv. På grunn av knapt med tid før fristen til å melde inn namneendringar gjekk ut, måtte vi åpna for at familiemedlemmar og kompisar kunne kjempa om ledige startnummer. Vi nådde 97 påmelde, slik at dei 3 siste plassane overtok arrangøren som har over 800 på venteliste.

Det er kjekt å registrere at opplegget med 100 ABB´arar i Stoltzen har inspirert fleire til ekstra fysisk fostring i sommar. Stoltzen blir milepælen i treningsarbeidet, men viktigast er nok  kampen mot seg sjølv. Vi har hatt 3 fellestreningar i Stoltzen med brukbar oppslutning. Fokus har vore at folk må finne sin eigen fart i trappene.

I Stoltzen er det tidtaking for alle uansett om ein vil eller ikkje. Det virkar skremmande for nokon og oppmuntrande for andre. Likevel, la ikkje tanken på denne sluttida ta overhand. Gå ut og ha det gøy saman med 100 andre ABB´arar! Du oppnår garantert høg puls og ein god porsjon mjølkesyre.

Lykke til med dagen 29.september
startnr.742 Ove Leon Låstad