
Bilete: Glade ABB'arar frå treninga i går!
Vi gjekk ambisiøst ut i april og proklamerte 100 ABB´arar i Stoltzen. Den målsetjinga klarte vi i juli, men då vi 3 uker før den store dagen tok ein sjekkerunde på e-post fekk vi 22 forfall. Forklaringane var mange; dårleg treningsgrunnlag, offshoretur, på feire, jobbreise til utlandet, osv. På grunn av knapt med tid før fristen til å melde inn namneendringar gjekk ut, måtte vi åpna for at familiemedlemmar og kompisar kunne kjempa om ledige startnummer. Vi nådde 97 påmelde, slik at dei 3 siste plassane overtok arrangøren som har over 800 på venteliste.
Det er kjekt å registrere at opplegget med 100 ABB´arar i Stoltzen har inspirert fleire til ekstra fysisk fostring i sommar. Stoltzen blir milepælen i treningsarbeidet, men viktigast er nok kampen mot seg sjølv. Vi har hatt 3 fellestreningar i Stoltzen med brukbar oppslutning. Fokus har vore at folk må finne sin eigen fart i trappene.
I Stoltzen er det tidtaking for alle uansett om ein vil eller ikkje. Det virkar skremmande for nokon og oppmuntrande for andre. Likevel, la ikkje tanken på denne sluttida ta overhand. Gå ut og ha det gøy saman med 100 andre ABB´arar! Du oppnår garantert høg puls og ein god porsjon mjølkesyre.
Lykke til med dagen 29.september
startnr.742 Ove Leon Låstad
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar