søndag 15. januar 2012

Nyttårseglas i Sunnhordlandsbassenget

Då eg skulle bunkre diesel for vinterbruk i seglbåten min, nytta eg høve til å invitere nye kollegaer på båttur. Turen skulle gå frå Sagvåg sør på Stord, til den gamle handlestaden Brandasund, lengst nord i nabokommunen Bømlo.

Ekteparet Vijaya og Avik Bhattacharya samt nytilsett prosjektingeniør, Terje Løken frå Stord, meldte raskt si interesse. På førehand vart dei åtvara om 3-4 varmegrader, store nedbørmengder og vindstyrke på grensa til liten kuling.

Då ingen av dei nye gastane hadde erfaring med segling - og ikkje minst forhold ved vinterseglas, brukte me god tid på å gå igjennom bruk av naudutstyr og korrekt personsikring. Blant anna vart brannslukkerutstyr, lensepumper, VHF-radio og naudrakettar prioritert. Då orienteringa ombord var avrunda fekk alle på seg segldrakter og flytevestar. Landstraumen vart kutta, flagget vart heist, lanternene kom på og dieselmotoren skauv fart på skroget.

Vijaya og Avik på framdekket.

På veg opp Stokksundet styrte autopiloten medan alle ihuga veksla på å ha rorvakt. Vindstyrken auka og hadde retning nordvest - midt i fleisen. I periodar vart vindkast opp mot styrke 7 Beaufort observert på seglinstrumenta. Det freista lite å heise segl og krysse mot.

I salongen vart parafinlampen tent og kaffivatnet teken fram. Ute på dekk herja ein haglskur. Sikta var elendig, men då fersk kaffi og julekjeksrestar vart servert i styrebrønnen, vart smila enda breiare hjå besetninga. God mat og varme klede var heilt klart det som skulle til for å halde den gode stemninga.

Etter omlag ein time med motorgang frå Sagvåg passerte me Rubbestadneset, austom Bømlo. Vinden løya litt slik at det vart mogleg å ta seg fram på dekk. Den flotte utsikta oppover Nyleia, ei skipslei vest i Fitjarøyane, vart peika på og diskutert. Eit og anna fiske- og nyttefartøy vart møtt med vink. Det kom til og med nokre solgløtt fram.

Då me hadde passert nordre spissen av Ålfåro, den lengste øya i skjergarden mellom Bømlo og Fitjar, merka me at skrogrørsla hadde endra seg. Dønningar frå havgapet i Selbjørnsfjorden fekk skroget til å duve i sjøen. Frå framdekket kom det frydefylte rop - Vijaya og Avik sto på baugen og gynga i takt med skroget.

Etter å ha runda Torsdagsøy dreia kompasskursen vestover, langsetter leia i Kyrkjesundet. Vêret endra seg igjen. Ein regnskur spylte effektivt kjekssmulane i styrebrønnen på sjøen. Mannskapet trakk ned i salongen for å varma og tørka seg. Humøret var framleis på topp.

Horisonten lysna - og etter to og ein halv time til sjøs, fekk me auge på destinasjonen - butikken på øya Gisøy, i Brandasund. Alle kom seg kjapt ut på dekk, klare til å hjelpe med fortøyninga. Som einaste besøkjande båt var det ikkje noko utfordring å få plass ved kaien. Drivstofftank og reservekanner vart toppa med diesel og i butikken vart det kjøpt iskrem og potetchips. Betjeninga flirte litt og spurde om me hadde bomma på årstida.

Etter lunsjen ombord hadde det nok vore godt med ein kvil, men ettersom vinden hadde løyna kraftig, spurde kapteinen om det var interesse for ein svipptur ut i havgapet. ”Klart det!”, kom svaret umiddelbart.


 Terje og Ingmar i styrebrønnen.

Segldrakter og flytevestar kom på igjen, båten vart sjøklargjort og kursen gjekk nordover mot Selbjørnsfjorden. Til å begynne med i le av Slåtterøy – kjend for Slåtterøy fyr, det kraftigaste fyrljoset i Noreg.

På veg ut av sundet førebudde me riggen for segling. Med eit segl oppe kan ein oppnå komfortabel rørsle i båten ved sjøgang - i tillegg til å halde på manøverevna ved motorstopp. Avik tok seg forsiktig fram til seglet på forstaget, medan Vijaya og Terje brukte rorkulten til å styre båten opp mot vinden. Då Avik hadde returnert til styrebrønnen - og fallet var sikra, sette me segl. Mannskapet fungerte kjempebra.

Dei gamle dønningane frå nordvestkulingen som hadde herja tidlegare på dagen, vart større og større, jo lengre ut me kom. Langs med land såg me sjøen bryte fleire meter oppetter svaberga. Kapteinen spurde høfleg om nokon ville vende attande til land, men fekk klar beskjed om å halde kursen.

Omlag ei nautisk mil frå Brandasund, med Austevoll forut, vart kursen endra austover mot Fitjar. Mannskapet sat samla i styrebrønnen. Det var framleis smil og ablegøyer, men stadig mindre snakk. Skuldast det frykt, eller kvalme, - eller kanskje litt begge deler?

Vijaya koste seg ombord.

Etter omlag ein time i havgapet vart kursen vendt sørover att. I innseglinga til Engesundsleia, heilt nord i Fitjarøyane, kom me i le for dønningane - og mannskapet fekk fart på snakketøyet igjen. Eg vart forsikra om at ingen hadde blitt skremde, men at alle hadde hatt ei uvant kjensle i mageregionen. Til alt hell var det ingen som rakk å bli sjøsjuk - med andre ord ingen krabbemating.

Nattemørkret seig over oss og vinden døydde heilt ut. Sjøen vart svart og blank. Seglet gjorde eigentleg ikkje noko nytte meir, men me lot det stå ut turen.
Etter halvanna time med flott nattseglas mellom holmar og skjær i Fitjar, nærma me oss heimehamna igjen.

Utafor Vikanes, omlag ei nautisk mil frå Sagvåg, ba Vijaya om å få stoppe båtmotoren. Dette fekk ho fort medhald i hos resten av mannskapet.
Båten dreiv sakte rundt i stilla, medan me studerte naturen og ljoset frå fyrlykter, bruer og bygningar på land. Det gjorde godt å sleppe motorduren ei lita stund.

Trygt attende i Sagvåg, rakk me akkurat å fortøye før regndråpane hølja ned. Fuktige ytterklede vart hengde til tørk og båten vart rydda. Stemninga var oppstemd og skrytet sat laust om opplevingar til sjøs. Ein nøgd båteigar fekk tilslutt spørsmål om å gjenta suksessen, berre vêret vart meir sommarleg fyrst. Eg gledar meg allereie!

Takk til gode kollegaer i ABB for hyggjeleg selskap ombord i Albin.

Ingmar Helland

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar